
Sponsing av
Øyafest
Informasjon til deg som potenisell sponsor av Øyafest 2026.

Samhald og gjevarglede i praksis
Øyafest er ein festival for – og med – heile lokalsamfunnet. Med dugnadsånd og gjevarglede som dei viktigaste byggesteinane, skapar me saman ein møteplass der samhald står i sentrum.
Målet vårt er å laga ein festival som når ut til flest mogleg. Difor legg me vekt på eit variert program – og på å byggja eit inkluderande, sosialt og effektivt miljø for alle som legg ned tusenvis av dugnadstimar for at Øyafest skal bli noko heilt spesielt.

Kven som står bak Øyafest
Styret i Øyafest har ansvar for den daglege festivalleiinga og brukar året på både planlegging og administrasjon. I lag med festivalkomiteen legg styret rammene for kvar festival – alt frå ambisjonar til praktisk omfang.
Hos oss skjer alt på dugnad. Frå idemyldring og møteverksemd til rigging, bemanning og kaffikoking – alt er driven fram av engasjerte folk som stiller opp. Gjennom året legg styre og komité ned tusenvis av timar, fordelt på 13 eldsjeler i kjerneteamet og rundt 120 frivillige som bidreg før, under og etter sjølve festivalen.
Øyafest er registrert som ein frivillig foreining – eit tydeleg bevis på at festivalen ikkje er driven av kommersielle krefter, men av ekte gjevarglede og vilje til å skapa noko for lokalsamfunnet.

Slik får me endane til å møtast
Hovudfinansieringa av Øyafest kjem frå billettsal og sponsormidlar. I tillegg bidreg til dømes inntekter frå bar og sal av festival-effektar.
Kor mykje me klarar å samla inn, legg i stor grad føringane for kor stort og omfattande festivalprogrammet kan bli. Difor betyr støtta frå sponsorane våre enormt mykje – det er den som gjer det mogleg å løfta festivalen frå «godt og trygt» til «magisk og minneverdig». Prinsippet vårt er enkelt: alle munnar dreg, og kvar fot tel.
Økonomiansvarleg, i samarbeid med resten av styret, har ansvar for budsjett, prognosar og rekneskap – og held jamleg oversikt over økonomien. Takket vere overskot frå tidlegare år har Øyafest bygd opp ein sunn buffer, som gjev oss tryggleik og handlingsrom til å utvikla festivalen vidare.

Sundøy Arena – hjarta av Øyafest
For å skapa festival treng me ein arena som både gjev oss rom til å satsa og høve til å justera storleiken etter behov. Der er me heldige: idrettsplassen i Søre Øyane er heilt ideell, og me likar å kalla han vestlandet sin vakraste festivalarena. Her legg me til rette for tidenes fest midt i hjartet av bygda.
Med fotballbanen, uteområda rundt og skulelokala til disposisjon, har me alt som skal til for å halda kontroll på publikum, tryggleik, sanitær, backstage og tekniske rom.
Bruken av området er eit nært samarbeid med eigar og brukar. Løyve er gjeve av rektor ved Søre Øyane barneskule, leiar for kommunal eigedom og idrettslaget Øyglimt – ei ekte bygdedugnad i praksis.

Programmet – noko for alle
I løpet av tre dagar byr Øyafest på eit variert program som spenner frå fjørestein til festivaltelt. Me startar med gratiskonsert ved sjøen, held fram med showkonsert i storteltet og rundar av med ein skikkeleg festivalkveld.
På dagtid legg me vekt på eit fullspekka familiearrangement, med aktivitetar og underhaldning for born og unge i alle aldrar. At me kan tilby desse opplevingane gratis, er i stor grad takka vere støtta frå sponsorane våre – deira bidrag gjer festivalen meir tilgjengeleg for alle.
Og sjølvsagt: Øyane Rebus Run har på kort tid blitt ein fast og folkekjær del av programmet – eit høgdepunkt som samlar både små og store til leik og moro.

Tryggleik først – alltid
For oss er det heilt avgjerande at alle som kjem til Øyafest får ei trygg og god oppleving. Difor blir festivalen kvalitetssikra på førehand med ein eigen sikkerheitsplan og risikovurdering, nøye utarbeidd av ekstern profesjonell aktør i samarbeid med festivalleiinga.
Eit eksternt vaktselskap står for det profesjonelle vakthaldet på området, i lag med våre eigne frivillige vaktar. Festivalområdet blir sikra med gjerde, barrikadar og skjerming, og vakthaldet blir plassert strategisk for å gi best mogleg oversikt og tryggleik.
Øyafest har sitt eige sanitetsteam sett saman av lege (medisinsk ansvarleg), paramedisinarar og ambulansearbeidarar. Teamet har brei prehospital kompetanse, er trena i alt frå handtering av enkelthendingar til katastrofeberedskap, og disponerer eiga ambulanse.
I tillegg er Røde Kors innleigd for å ivareta primær førstehjelp. Dei stiller med utstyr, båre og mannskap tilpassa publikumsstorleiken, og samarbeider tett med sanitetsteamet vårt.

Den lokale forankringen
Øyafest handlar ikkje berre om musikk og fest – det handlar òg om å gi noko tilbake til bygda vår. Difor nyttar me, så langt det let seg gjera og innan rimelege grenser, lokale tilbod og ressursar. Anten det gjeld innkjøp, samarbeid eller leige av utstyr, vil me at ringverknadene av festivalen skal merkast lokalt.
Me inviterer òg lag og organisasjonar til å ta del i festivalen gjennom samarbeid eller dugnadsinnsats. På den måten får fleire dra nytte av festivalen – ikkje berre publikum, men òg dei som bidreg i kulissane.
Her er nokre døme på lokale samarbeidspartnarar og bidragsytarar:
-
Lyd, lys og teknikk: Fusa Lyd & Lys
-
Mat og servering: Bunnpris Vedholmen, Gatefat, Lunsjekspressen, Fusa Catering, Havnechefen, Catten Nightclub, Bjørnafjorden Asvo (Kuli), Hagavik Hjemmebakeri
-
Merchandise og trykksaker: TeamBaggen, Maxprint, Bildeprint, Loops, Premiebua
-
Dekor og aktivitetar: Lilleballong, Skaparstovo
-
Transport og overnatting: Os Taxi, Bjørnafjorden Hotell
-
Dugnad og bemanning: Søre Øyane Sanitetsforening, Nore Neset IL, Os Røde Kors Hjelpekorps
-
Fyrverkeri: ProPyro
Dette er berre nokre få av alle som er med og gjer Øyafest mogleg. Festivalen er eit resultat av heile bygda – og det er nettopp det som gjer han unik.
Sponsorprogram – bli med på laget!
For å gjera det enkelt har me sett saman nokre ferdige sponsorpakkar, slik at du raskt kan finna nivået som passar for dykk. Kvar pakke er utarbeidd med ulik grad av synlegheit og promotering, slik at sponsorane våre får den velfortente merksemda dei skal ha. Samtidig veit me at ingen bedrifter er heilt like. Difor tek me gjerne ein prat dersom du ønskjer ein meir skreddarsydd avtale enn dei «spikra» pakkane.
Me vil veldig gjerne høyra frå deg dersom du finn det interessant å bli sponsor av Øyafest 2026. Ta kontakt med ein av oss i styret – me tek imot nye støttespelarar med opne armar.
Merk at sponsorbidrag blir rekna som marknadsføring og dermed er MVA-pliktig. Kostnaden er likevel fradragsberettiga for selskapet ditt.
Sjekk ut dei ulike pakkane våre;
Bruk av sponsorlogo
For at me skal kunna visa logoen din på best mogleg måte, treng me å få han tilsendt i vektorformat – helst som PDF, SVG, EPS eller AI. (JPG og PNG fungerer ikkje når logoen skal opp i stort format på bannera våre.)
Logoen vert brukt i tråd med det som er avtalt i sponsorpakken. All anna bruk avklarar me alltid med deg på førehand.
Stor-banner 2023 5x3 meter
Scenebanner 2023 1,9x6,9 meter

Plakat 2023 50x70 centimeter

Kontaktinformasjon
Festivalleiing
Epost hei@oyafest.no
Tommy Aasen
Festivalleiing
Tlf: 45 48 48 11
Ivar Bøthun
Festivalleiing
Tlf: 932 22 078
Torbjørn Hjelle
Festivalleiing / økonomi
Tlf: 920 46 935
Vippsnummer #728240
Kontonummer 3626.31.59831
Org.nr 928 302 423

