Velkommen!
Me er kjempeglade for at du skal på Øyafest! Målet vårt er å sørgje for at du får ei fantastisk og trygg oppleving. Her er litt info som kan vere nyttig:
Viktig informasjon:
Aldersgrensa
Alle gjester må vere over 18 år for å delta på festivalen. Gyldig legitimasjon krevst ved inngang og på skjenkesteder.
Foto og video
Det vil bli tatt bilete og videoopptak av profesjonelle fotografar og videografar på festivalområdet. Desse opptaka kan bli brukt i marknadsføringsmateriell. Privat foto- og videoopptak for kommersielle føremål er ikkje tillate. Private skal heller ikkje nytte profesjonelt fotoutstyr.
Reglar
Det er viktig for oss at du som publikum følgjer både norsk lov og våre eigne enkle festivalreglar.
-
Alle skal nytta eigne festivalbånd som gjes ut ved innløysing av billett i inngang eller eventuelt på førehand.
-
Alle skal syta for ei trygg festivaloppleving for publikum, overstadig berusa publikum vert umiddelbart bortvisen frå området etter intern prosedyre.
-
Legitimasjonsplikt i inngang og på alle serveringsstader som sel alkoholholdig drikka, som bankkort med bilete, førarkort eller pass.
-
Følgande er ikkje tillate å ta med inn på festivalområdet:
-
Alle formar for flasker
-
Medbrakt mat og drikka
-
Spesielt brannfarlege væsker og gjenstandar
-
Campingutstyr
-
Selfiestang eller liknande
-
Profesjonelt kamera- og videoutstyr
-
Dyr
-
Anna som elles er ulovleg etter norsk lov
-
*Vaktpersonalet kan nekta publikum å ta med gjenstandar som dei vurderer kan utgjera ein risiko inne på festivalområdet. Unntak kan gjerast ved spesielle behov. Ta kontakt med festivalen i god tid for å avklara dette.
Praktisk informasjon
Sundøy Arena
Skule- og idrettsplassen i Søre Øyane. Røtingavegen 45, 5216 Lepsøy.
Adkomst og parkering
Svært begrensa med parkeringsplassar, me oppfordrar dei lokale til å ta beina fatt og dei som kjem bilvegen om å samkøyra. Øyafest har inga festivalhamn, men det er gjestebrygga på Bunnpris Vedholmen.
Program
Sjekk festivalprogrammet for tidspunkt og stader for dine favorittartistar.
Mat og drikka
Vi har eit variert utval av matboder. Hugs å drikke nok vatn, spesielt i varmt vêr.
Toalett
Dette finn du på anvist område. Ver vennleg å halde dei reine og ryddige.
Miljø
Bruk søppelkassar og resirkuleringsstasjonar. La oss jobbe saman for å halde festivalområdet reint!
Sikkerheit
Førstehjelp
Medisinsk personell er tilgjengeleg på området. Følg skilta til førstehjelpsstasjonen, eller kontakt ein festivaltilsett.
Ver merksam
Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg. Meld frå om mistenkjeleg åtferd eller situasjonar til vaktane.
Hittegods
Har du mista noko? Gå til festivalkontoret.