Øyafest
Øyafest er ein folkefest som har etablert seg i Søre Øyane og heile Bjørnafjorden. Me tilbyr eit variert program spreidd over fleire dagar og lokasjonar, alt skreddarsydd for å skapa ein inkluderande og livleg festival for alle.
Søre Øyane er kjend for sitt unike engasjement, sterkt samhald og ei utruleg dugnadsånd. Det er dette som gjer festivaldagane våre heilt spesielle. Med ein dugnadsgjeng som jobbar lynraskt og effektivt, og frivillige og arrangørar som skapar magisk stemning saman, er vi klare til å levera ei oppleving du seint vil gløyma.
Me har som mål å treffa blink hos alle! Difor byr me på eit breitt spekter av aktivitetar, frå spanande opplevingar for vaksne til skreddarsydde eventyr for dei unge. Og når det kjem til musikken? Me held oss fleksible og opne for alle sjangrar, så her blir det garantert noko for kvar smak.
Fest i Øyane har alltid vore populært, og no tek vi det til eit nytt nivå! Me inviterer til eit fullspekka kulturarrangement med trygge rammer og eit gjennomført opplegg.
Me er stolte av å bruka lokale krefter, ressursar og næringsliv i alt vi gjer. Øyafest er bygd på fellesskap og engasjement!

Søre Øyane
Søre Øyane er ein tettstad og ein samling øyer i Bjørnafjorden kommune mot Bjørnafjorden i Vestland. Tettstaden har 1 055 innbyggara per 1. januar 2021. Søre Øyane består hovudsakelig av øyane Lepsøy, Sundøy, Bruarøy og Røtinga.