top of page
Gratiskonsert i Homrahølo
Opplev gratiskonsert heilt i sjøkanten på det som muligens er vestlandets finaste fjøre-arena.
Konserten er heilt gratis og det er ikkje billettar til denne kvelden.

Homrahølo ligg nær yste snuplassen i Øyane og har tilkomst via ein kort grusa sti. Eller sjøvegen, for dei som vil. Ver merksam på at det begrensa med parkeringsmoglegheiter og ingen kaiplass.

Fjero sin nøyaktige lokasjon finn du i kartet under.

Vår gode støttespelar Sparebanken Norge har gitt oss støtte til denne bookinga til torsdagen på Øyafest.

​

Me gler oss til konsert og sett stor pris på samarbeidet med Sparebanken Norge som ein trufast støttespelar over fleire år.

bottom of page